søndag 9. mars 2014

Here we go again :-)

Som tittelen på innlegget seier så er eg igang med bloggen min igjen etter å hatt ein pause på nokre år. Rettare sagt har eg vel ikkje skrive innlegg sidan eg laga bloggen på eit ikt-studie for ganske nøyaktig 4 år sidan.

Ideen med bloggen min då som no i tillegg til at den var eitt arbeidskrav, var at den kan fungere som eit reiskap for erfaringsutveksling, gje idear eller vere eit "del og bruk" -arkiv for oss som arbeidar med dei same programfaga. Men som de òg ser er her innlegg som gjeld læraryrket og skulekvardagen vår generelt.

Eg synast enno at blogg er eitt spennande reiskap og er inspirert til no å ta det i bruk som ein måte å fylgje opp elevar som er utplasserte i bedrift over lengre tidsrom. Eg tenkjer at elevane kan opprette eigne bloggar der dei fortel/ loggfører sine arbeidsoppgåver og erfaringar i arbeidslivet dag for dag i den perioden dei er utplassert.
Eg er i år kontaktlærarlærar og programfagansvarleg for ein vg2- klasse Matfag ved Restaurant- og matfag. Dei har no vore ute i bedrift i 2 veker og skal vere det i ei veke til. Fleire av elevane er i bedrifter så langt vekke frå skulen at reiseavstanden og kostnaden vert for høg til å kunne reise på vitjing til dei for å høyre korleis det går. Her må eg nytte tlf og sms med både elevar og arbeidsgjevarar. Då kunne det fungere med daglege bloggar som eg kunne gje attendemeldingar på. 

Facebook kan ein sjølvsagt òg bruke for å halde kontakten med elevane, men eg trur at det å skrive blogg vil vere eit betre reiskap med tanke på at ein då vil ha loggane tilgjengelege i eit arkiv som er lett å plukke dei fram att frå når elevane er attende på skulen, gjerne for å lage tverrfaglege presentasjonar for kvarandre og lærar.

Er det nokon som har erfaringar med blogg brukt på denne måten som dei vil dele med meg?

tirsdag 16. mars 2010

Innlevering av arbeidskrav 2

No er det tid for å levere inn det eg har arbeidd med i dette arbeidskravet. Blogginga har for så vidt gått greitt, men eg føler enno det er tidkrevjande å finne gode kjelder å bruke på dette temaet- Pedagogisk bruk av sosiale media i skulen.
Arbeidet vert lett ein tidstjuv.
Arbeidskravet har elles vore artig å arbeide med, skulle berre hatt mykje meir tid til å gjort meir ut av det, føler eg.

Linkar til nokre bloggar eg har kommentert:

http://sveintsblogg.blogspot.com/2010/03/god-nettsideskikk.html#comments

http://bodilslogg.blogspot.com/2010/03/ungdommens-nettverksamfunn.html



Fagblogg





Link til den offentlege netvibes:



Restaurant og matfag

søndag 14. mars 2010

Elevar med skrivesperre og/ eller dysleksi


På restaurant og matfag har me elevar som ikkje er så glad i å produsere noko skriftleg anten fordi dei slit med skrivinga pga dysleksi eller fordi dei ikkje er taklar å arbeide med den meir tradisjonelle skuledelen av faga som ikkje er praksisorientert. Dette er nok ikkje noko som er særskilt for elevar ved vår avdeling, men er det noko me som lærarar kan gjere med det?
Motivering av elevane til å komme i gang med skrivinga er vel det ein bør starte med her. Erfaringar eg har gjort her at det å ha ei samtale med kvar enkelt elev kva dei opplever som si "utfordring" i loggskrivinga, ga ein fellesnemnar å bruke vidare. Eg oppfordra kvar einskild elev til å ta med seg ei lita notisbok til å gjere notatar undervegs i det praktiske arbeidet. Dette har vore eit godt arbeidsreiskap i loggskrivinga og gjort prosessen, og rekleksjonane betre med utfyllande kommentarar for fleire elevar. Problemet til dei som ikkje allikevel skriv/leverar loggar er å komme i gang med skrivinga/leksene når dei kjem heim frå skulen. Det kan vere fordi dei har ei så aktiv fritid at dei ikkje "har tid" til lekser, eller fordi skrivinga/skulearbeidet er så arbeidskrevjande for dei at dei ikkje orkar å setje i gang, eller dei ser ikkje skulearbeidet som så viktig at dei bryr seg med å bruke tid på det.
Her er det at andre og meir passande måtar å dokumentere praksis på bør prøvast ut. Foto eller film kan vere verd eit forsøk her. Då vil ein ikkje trenge så mykje tekst. Lagar ein film, er tale i staden for tekst ofte betre. Vert det å lage film vanskeleg eller for tidkrevjande, kan ein òg bruke lydfiler der ein fortel om det ein har gjort. Her krevst det litt utstyr, men mest kreativitet til å finne den rette dokumentasjonsmåten for den einskilde elev.

Her er eit spennande døme på "veien til målet"



Så mogleghietene er her, men får me elevane til å bruke dei?

torsdag 11. mars 2010

Bruk av sosiale medium i undervisninga: Blogg som logg



Under grunnleggjande ferdigheiter i felles progamfag, står det at i faga som inngår i Restaurant og matfag forstår ein Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg slik at ein skal kunne beskrive smak, lukt og utsjånad ,bruke relevante faguttrykk i kommunikasjon med andre og i arbeidet med rapportar, loggføring og framføringar.

Mitt utgangspunkt og tanke her vert difor at ein kan nytte blogg i dette arbeidet. I faget Bransje, fag og miljø gjennomfører me fleire bedriftsbesøk i løpet av eit skuleår. Etter desse er det vanleg at elevane arbeidar med rapportar som dei leverar inn til vurdering, også i norskfaget. Her tenkjer eg at blogg kan brukast og at ein kan velje om bloggen skal vere offentleg tilgjengeleg slik at alle kan lese den eller om den skal vere skjult. Utfordringa vil vel vere om det vil vere mogleg for lærarar å kommentere det som er skrive utan at andre elevar/lesarar kan sjå kva som er skrive.

Når det gjeld Kost og livsstil kan ein som lærar bruke blogg som innføring i ulike tema ein skal arbeide vidare med. Her kan ein òg leggje inn bilete og videoar frå nettet for å illustrere det ein legg fram. Elevframføringar som presentasjon på aktuelle tema kan vere ein anna måte å nytte blogg på her.

http://ndla.no/nb/fil/51644

I faga Råstoff og produksjon og Prosjekt til fordjuping er det særleg frå den praktiske delen av faget ein med fordel vil kunne bruke blogg. I praksis vil det seie at elevane kan skrive,ta bilete av, filme eller lage lydfiler for å dokumentere kva dei har arbeidd med.












Opphav / bruksrett :



Creative Commons license icon Nasjonal Digital Læringsarena



Her vil elevane få ei god oversikt over det dei til ei kvar tid arbeidar med og har arbeidd med. Her vil òg vere mogleg å utforme bloggen etter personleg smak og ynskje. Dette kan verke motiverande i dokumentasjonsarbeidet. På same måte som tidlegare nemnt vil utfordringa her vere for lærar å kommentere arbeidet utan at alle kan sjå kva som vert skrive.





Dette var nokre tankar om korleis ein kan bruke blogg i programfaga våre. Kva synspunkt har du på desse?

onsdag 10. februar 2010

Velkommen til Wenche sin blogg!

I bloggen min kjem eg til å skrive om stort og smått som gjeld pedagogisk bruk av sosiale media i undervisninga. Eg vil prøve å illustrere det eg vil få fram med bilete og video i tillegg til tekst. Fint viss du vil gje meg nokre synspunkt på det eg skriv.