søndag 14. mars 2010

Elevar med skrivesperre og/ eller dysleksi


På restaurant og matfag har me elevar som ikkje er så glad i å produsere noko skriftleg anten fordi dei slit med skrivinga pga dysleksi eller fordi dei ikkje er taklar å arbeide med den meir tradisjonelle skuledelen av faga som ikkje er praksisorientert. Dette er nok ikkje noko som er særskilt for elevar ved vår avdeling, men er det noko me som lærarar kan gjere med det?
Motivering av elevane til å komme i gang med skrivinga er vel det ein bør starte med her. Erfaringar eg har gjort her at det å ha ei samtale med kvar enkelt elev kva dei opplever som si "utfordring" i loggskrivinga, ga ein fellesnemnar å bruke vidare. Eg oppfordra kvar einskild elev til å ta med seg ei lita notisbok til å gjere notatar undervegs i det praktiske arbeidet. Dette har vore eit godt arbeidsreiskap i loggskrivinga og gjort prosessen, og rekleksjonane betre med utfyllande kommentarar for fleire elevar. Problemet til dei som ikkje allikevel skriv/leverar loggar er å komme i gang med skrivinga/leksene når dei kjem heim frå skulen. Det kan vere fordi dei har ei så aktiv fritid at dei ikkje "har tid" til lekser, eller fordi skrivinga/skulearbeidet er så arbeidskrevjande for dei at dei ikkje orkar å setje i gang, eller dei ser ikkje skulearbeidet som så viktig at dei bryr seg med å bruke tid på det.
Her er det at andre og meir passande måtar å dokumentere praksis på bør prøvast ut. Foto eller film kan vere verd eit forsøk her. Då vil ein ikkje trenge så mykje tekst. Lagar ein film, er tale i staden for tekst ofte betre. Vert det å lage film vanskeleg eller for tidkrevjande, kan ein òg bruke lydfiler der ein fortel om det ein har gjort. Her krevst det litt utstyr, men mest kreativitet til å finne den rette dokumentasjonsmåten for den einskilde elev.

Her er eit spennande døme på "veien til målet"



Så mogleghietene er her, men får me elevane til å bruke dei?

3 kommentarer:

  1. Her har du virkelig tatt opp eit høgst aktulet tema. Og ikkje minst viktig tema. Eg trur at viss vi kan vise elevane korleis dei kan løyse ulike oppgåver ved å bruke andre verkemiddel enn tekst, kan vi oppleve ei god utvikling, spesielt for dei som har problem med å produsere tekst. Men dette krev i første omgong av vi lærarar kan nytte dei progtramvarene som vi tenkjer at elevane kan nytte, så krev det at vi kan lage eit eksempel som elevane kan følgje til dei blir kjent med programvaren. For det tredje krev det at elevane får tid på skulen, og tett oppfølging. Klarer vi dette, trur eg at vi får elevar som kan formidle mykje, og oppleve at skulearbeid kan vere motiverande og givande.

    SvarSlett
  2. Flott innlegg Wenche.
    Eg er einig med Hege om at du har tatt opp eit aktuelt og viktig tema.

    Interessant med den notisblokka dine elevar har med seg for å ta notatar i praktisk undervisning, slik at etterarbeidet og dokumentasjonen med loggskriving blir lettare. Har alle med seg denne kvar gong, eller er det berre nokre få?

    Eg tenkjer det er viktig å kunne legge til rette og oppfordre elevane til å kunne dokumentere arbeidet sitt på andre måtar enn med tekst. Som bilete og film.

    Tips om du vil filmen skal passe i bredda ( eg gjorde det samme første gongen). Du går inn i HTML-koden og setter width="100%"

    SvarSlett
  3. Aktuelt tema. 5-10% av befolkninga har alvorlig dysleksi.Lindys og Lingright skal bidra til ein enklare og bedre lese- og skrivekvardag for eleven, gje følelse av meistring og deltakelse, styrke sjølvtilliten. Mange har ei sperre for å skrive iallefall når dei får mange røde streker i teksten.Einig med Hege at her må vi få lisens på samme programvarene som elvane skal bruke og kunne hjelpe dei.

    SvarSlett