torsdag 11. mars 2010

Bruk av sosiale medium i undervisninga: Blogg som logg



Under grunnleggjande ferdigheiter i felles progamfag, står det at i faga som inngår i Restaurant og matfag forstår ein Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg slik at ein skal kunne beskrive smak, lukt og utsjånad ,bruke relevante faguttrykk i kommunikasjon med andre og i arbeidet med rapportar, loggføring og framføringar.

Mitt utgangspunkt og tanke her vert difor at ein kan nytte blogg i dette arbeidet. I faget Bransje, fag og miljø gjennomfører me fleire bedriftsbesøk i løpet av eit skuleår. Etter desse er det vanleg at elevane arbeidar med rapportar som dei leverar inn til vurdering, også i norskfaget. Her tenkjer eg at blogg kan brukast og at ein kan velje om bloggen skal vere offentleg tilgjengeleg slik at alle kan lese den eller om den skal vere skjult. Utfordringa vil vel vere om det vil vere mogleg for lærarar å kommentere det som er skrive utan at andre elevar/lesarar kan sjå kva som er skrive.

Når det gjeld Kost og livsstil kan ein som lærar bruke blogg som innføring i ulike tema ein skal arbeide vidare med. Her kan ein òg leggje inn bilete og videoar frå nettet for å illustrere det ein legg fram. Elevframføringar som presentasjon på aktuelle tema kan vere ein anna måte å nytte blogg på her.

http://ndla.no/nb/fil/51644

I faga Råstoff og produksjon og Prosjekt til fordjuping er det særleg frå den praktiske delen av faget ein med fordel vil kunne bruke blogg. I praksis vil det seie at elevane kan skrive,ta bilete av, filme eller lage lydfiler for å dokumentere kva dei har arbeidd med.












Opphav / bruksrett :



Creative Commons license icon Nasjonal Digital Læringsarena



Her vil elevane få ei god oversikt over det dei til ei kvar tid arbeidar med og har arbeidd med. Her vil òg vere mogleg å utforme bloggen etter personleg smak og ynskje. Dette kan verke motiverande i dokumentasjonsarbeidet. På same måte som tidlegare nemnt vil utfordringa her vere for lærar å kommentere arbeidet utan at alle kan sjå kva som vert skrive.





Dette var nokre tankar om korleis ein kan bruke blogg i programfaga våre. Kva synspunkt har du på desse?

5 kommentarer:

  1. Du hadde mange gode idear her.Vi har ein utfordring å få motivere elevane til å dokumentere,skrive refleksjon over praksisøktene dei har.Dei sterkaste elevane klarer det godt.Eg har spurt klassen min om bloggskriving og dei synst det var litt skummelt å publisere det dei skriv.Håpar vi klarer å kommentere arbeidet uten at alle kan sjå det.

    SvarSlett
  2. Eg fekk ikkje opna vidosnutten/lydfil du har lagt ut. Du kjem her med mange idear om korleis bruke blogg til i undervisninga. Ei utfordring er at elevane er seriøse når dei bloggar og ikkje driv med skikane av elevar/lærar og at det er seriøst det dei skriv. Det posetive med blogg er at elevane kan lære av kvarandre, dei kan komenter og bli flinkare til å skive sjølv. Kva gjer vi med dei som ikkje likar å skrive noko særlig??

    SvarSlett
  3. Ser at filmen ikkje vil funke:( Veit ikkje heilt kva som har skjedd...........
    Takk! Her inspirerte du meg, Laila, til å reflektere rundt eit tema me slit ein del med, "kva gjer med dei som ikkje likar å skrive noko særleg?"

    SvarSlett
  4. Hei
    her var det mange gode ideer.
    Jeg forstår godt at elever kan være skeptiske til å skrive og publisere via en blogg. Det er nok for mange å blottlegge seg mer en de ønsker. Det må være viktig her å få dem til å forstå hva som er forsvarlig å skrive. De må bli bevistgjort på formulering og innhold før de i det hele tatt begynner å kommentere og kommunnisere med hverandre.
    Tror og det er viktig at vi lager rettningslinjer i avdelingen for utforming og innhold i en blogg.

    SvarSlett
  5. Hva med å få elevene til å lage bildeblogger? Vil tro mye kan formidles visuelt i matfagene.

    Bra blogg forresten og mange gode kommentarer!

    Carl og Albertine

    SvarSlett