No er det tid for å levere inn det eg har arbeidd med i dette arbeidskravet. Blogginga har for så vidt gått greitt, men eg føler enno det er tidkrevjande å finne gode kjelder å bruke på dette temaet- Pedagogisk bruk av sosiale media i skulen. Arbeidet vert lett ein tidstjuv. Arbeidskravet har elles vore artig å arbeide med, skulle berre hatt mykje meir tid til å gjort meir ut av det, føler eg.
På restaurant og matfag har me elevar som ikkje er så glad i å produsere noko skriftleg anten fordi dei slit med skrivinga pga dysleksi eller fordi dei ikkje er taklar å arbeide med den meir tradisjonelle skuledelen av faga som ikkje er praksisorientert. Dette er nok ikkje noko som er særskilt for elevar ved vår avdeling, men er det noko me som lærarar kan gjere med det? Motivering av elevane til å komme i gang med skrivinga er vel det ein bør starte med her. Erfaringar eg har gjort her at det å ha ei samtale med kvar enkelt elev kva dei opplever som si "utfordring" i loggskrivinga, ga ein fellesnemnar å bruke vidare. Eg oppfordra kvar einskild elev til å ta med seg ei lita notisbok til å gjere notatar undervegs i det praktiske arbeidet. Dette har vore eit godt arbeidsreiskap i loggskrivinga og gjort prosessen, og rekleksjonane betre med utfyllande kommentarar for fleire elevar. Problemet til dei som ikkje allikevel skriv/leverar loggar er å komme i gang med skrivinga/leksene når dei kjem heim frå skulen. Det kan vere fordi dei har ei så aktiv fritid at dei ikkje "har tid" til lekser, eller fordi skrivinga/skulearbeidet er så arbeidskrevjande for dei at dei ikkje orkar å setje i gang, eller dei ser ikkje skulearbeidet som så viktig at dei bryr seg med å bruke tid på det. Her er det at andre og meir passande måtar å dokumentere praksis på bør prøvast ut. Foto eller film kan vere verd eit forsøk her. Då vil ein ikkje trenge så mykje tekst. Lagar ein film, er tale i staden for tekst ofte betre. Vert det å lage film vanskeleg eller for tidkrevjande, kan ein òg bruke lydfiler der ein fortel om det ein har gjort. Her krevst det litt utstyr, men mest kreativitet til å finne den rette dokumentasjonsmåten for den einskilde elev.
Her er eit spennande døme på "veien til målet"
Så mogleghietene er her, men får me elevane til å bruke dei?
Under grunnleggjande ferdigheiter i felles progamfag, står det at i faga som inngår i Restaurant og matfag forstår ein Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftlegslik at ein skal kunne beskrive smak, lukt og utsjånad ,bruke relevante faguttrykk i kommunikasjon med andre og i arbeidet med rapportar, loggføring og framføringar.
Mitt utgangspunkt og tanke her vert difor at ein kan nytte blogg i dette arbeidet. I faget Bransje, fag og miljø gjennomfører me fleire bedriftsbesøk i løpet av eit skuleår. Etter desse er det vanleg at elevane arbeidar med rapportar som dei leverar inn til vurdering, også i norskfaget. Her tenkjer eg at blogg kan brukast og at ein kan velje om bloggen skal vere offentleg tilgjengeleg slik at alle kan lese den eller om den skal vere skjult. Utfordringa vil vel vere om det vil vere mogleg for lærarar å kommentere det som er skrive utan at andre elevar/lesarar kan sjå kva som er skrive.
Når det gjeld Kost og livsstil kan ein som lærar bruke blogg som innføring i ulike tema ein skal arbeide vidare med. Her kan ein òg leggje inn bilete og videoar frå nettet for å illustrere det ein legg fram. Elevframføringar som presentasjon på aktuelle tema kan vere ein anna måte å nytte blogg på her.
http://ndla.no/nb/fil/51644
I faga Råstoff og produksjon og Prosjekt til fordjuping er det særleg frå den praktiske delen av faget ein med fordel vil kunne bruke blogg. I praksis vil det seie at elevane kan skrive,ta bilete av, filme eller lage lydfiler for å dokumentere kva dei har arbeidd med.
Her vil elevane få ei god oversikt over det dei til ei kvar tid arbeidar med og har arbeidd med. Her vil òg vere mogleg å utforme bloggen etter personleg smak og ynskje. Dette kan verke motiverande i dokumentasjonsarbeidet. På same måte som tidlegare nemnt vil utfordringa her vere for lærar å kommentere arbeidet utan at alle kan sjå kva som vert skrive.
Dette var nokre tankar om korleis ein kan bruke blogg i programfaga våre. Kva synspunkt har du på desse?
Wenche er utdanna kokk med fagbrev, har teke PPU og ein del anna vidareutdanning på deltid og har no arbeidd i 10 år som lærar på Resturant og matfag ved Øyrane vidaregåande skule i Førde.
På denne bloggen skal eg som eit arbeidskrav på IKT studiet eg no går på, skrive om sosiale mediar i faget vårt. Dette kan verte spennande så FØLG MED:)