søndag 9. mars 2014

Here we go again :-)

Som tittelen på innlegget seier så er eg igang med bloggen min igjen etter å hatt ein pause på nokre år. Rettare sagt har eg vel ikkje skrive innlegg sidan eg laga bloggen på eit ikt-studie for ganske nøyaktig 4 år sidan.

Ideen med bloggen min då som no i tillegg til at den var eitt arbeidskrav, var at den kan fungere som eit reiskap for erfaringsutveksling, gje idear eller vere eit "del og bruk" -arkiv for oss som arbeidar med dei same programfaga. Men som de òg ser er her innlegg som gjeld læraryrket og skulekvardagen vår generelt.

Eg synast enno at blogg er eitt spennande reiskap og er inspirert til no å ta det i bruk som ein måte å fylgje opp elevar som er utplasserte i bedrift over lengre tidsrom. Eg tenkjer at elevane kan opprette eigne bloggar der dei fortel/ loggfører sine arbeidsoppgåver og erfaringar i arbeidslivet dag for dag i den perioden dei er utplassert.
Eg er i år kontaktlærarlærar og programfagansvarleg for ein vg2- klasse Matfag ved Restaurant- og matfag. Dei har no vore ute i bedrift i 2 veker og skal vere det i ei veke til. Fleire av elevane er i bedrifter så langt vekke frå skulen at reiseavstanden og kostnaden vert for høg til å kunne reise på vitjing til dei for å høyre korleis det går. Her må eg nytte tlf og sms med både elevar og arbeidsgjevarar. Då kunne det fungere med daglege bloggar som eg kunne gje attendemeldingar på. 

Facebook kan ein sjølvsagt òg bruke for å halde kontakten med elevane, men eg trur at det å skrive blogg vil vere eit betre reiskap med tanke på at ein då vil ha loggane tilgjengelege i eit arkiv som er lett å plukke dei fram att frå når elevane er attende på skulen, gjerne for å lage tverrfaglege presentasjonar for kvarandre og lærar.

Er det nokon som har erfaringar med blogg brukt på denne måten som dei vil dele med meg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar